Hopp til hovudinnhald

Bli med på dugnadslaget

Dugnadsarbeid er gleda av å hjelpe andre – og utvikle seg sjølv. Ta del i triveleg lagarbeid som gjev nyttig kunnskap på vegen vidare i livet!

I dei småe stovene syner friviljuge fram tradisjonskunnskap av alle slag: steiking av lefser og flatbrød, av tynnkake og skrivarbrød. Andre lagar sopelime eller driv med treskjering, dei strikkar og broderer – eller dei demonstrerer korleis ein kniv blir til. Om vinteren er friviljuge viktige ressursar i arbeidet med digitalisering og tilgjengeleggjering av historiske foto.  

Friviljug innsats er kulturlivet sitt DNA. Dugnadsinnsatsen er avgjerande for gjennomføringa av kulturaktivitetar av alle slag.  

Bakgrunnen for deltakinga i friviljug arbeid varierer. Dugnadsarbeid er gleda av å hjelpe andre – slik det òg er med på å utvikle ein sjølv og gjev nyttig erfaring og kompetanse på vegen vidare i livet. Det ligg mykje danning og sjølvutvikling i dugnadsarbeid, når ein får anledning til å hjelpe andre utan krav om motytingar av noko slag. Nytten av dugnadsarbeidet går difor båe vegar – som friviljug yter du ein innsats som gjev deg sjølv mykje attende. 

Vil du vere med som friviljug i Gudbrandsdalsmusea? Her er alle som vil bidra, velkomne, uansett om du vil bidra litt eller mykje, er erfaren eller heilt fersk.  

Høyr frå deg, så høyrer du frå oss

Her kan du engasjere deg:

Kontaktpersonar

Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 2