Hopp til hovudinnhald

Ei kunst- og kulturperle

Kor gamle er husa i Prestegarden? Kva er ei stavkyrkje, og kva er bevart frå den tidlege stavkyrkja frå mellomalderen?

  • Ringebu stavkyrkje
    1/4
    Knut Aastad Bråten
  • Ringebu stavkyrkje
    2/4
    Knut Aastad Bråten
  • Formidling DNT Ringebu
    3/4
  • Innovasjonssenteret
    4/4
    Knut Aastad Bråten

Ringebu stavkyrkje er bygd tidleg på 1200-talet og er ei av dei største stavkyrkjene av dei 28 som står att i Noreg i dag.

Gudbrandsdalsmusea har ansvaret for utstillinga om Ringebu stavkyrkje og Prestegard. I fyrste etasje i dei tidlegare forpaktarromma, nordre del av hovudbygninga, finn du tre rom med kulturhistoriske utstillingar om prestegarden og stavkyrkja.

I det gamle kjøkenet vart det kokkelert heilt fram til midten av 1950-talet. Utstillinga fortel om prestegarden si historie og alle husa på garden. Det er ei eiga tavle om alle prestane i Ringebu tilbake til mellomalderen. Det er også ein montasje om hagen og arbeidet med å utvikle det store hageanlegget på garden.

I stavkyrkjeutstillinga blir funn frå dei arkeologiske utgravingane i kyrkja i 1980–81 viste, saman med interessante tekster frå historia om kyrkja og bygda. Gjenstandane viser ulike sider ved historia til sjølve bygningen og til overgangsritual som dåp, skriftemål og nattverd, konfirmasjon, truloving, giftarmål, død og gravferd.

Gudbrandsdalsmusea har ansvaret for utstillingane om stavkyrkja og prestegarden, og dei er produserte i samarbeid med Ringebu historielag, Stiftelsen Ringebu Prestegard og friviljuge. Fotografar er Halldis Myhre Tvete, Lars V. Tvete og Erik Åge Flyen. Platene er utforma og produserte av Krible.

Utstillinga i det midtre rommet er produsert av Lars Nerli, og gjenstandar er lånt ut frå blant anna Universitetet i Oslo v/Kulturhistorisk museum.

Arrangement i Gudbrandsdalsmusea

Opningstider og anna

OPNINGSTIDER RINGEBU STAVKYRKJE
12. juni til 22. august
Alle dagar: 10.00–15.00

OPNINGSTIDER RINGEBU PRESTEGARD
3. juni til 10. september
Alle dagar: 10.00–17.00

INNGANG RINGEBU STAVKYRKJE OG PRESTEGARD
Vaksen: 170,-
Born til og med 16 år: 90,-
Student/honnør: 150,-
Grupper (minimum 10 personar): 150,-

INNGANG RINGEBU STAVKYRKJE
Vaksen: 80,-
Born opp til 16 år: 40,-
Student/honnør: 70,-
Gruppe (minimum 10 personar): 70,-
Familie: 200,-

INNGANG RINGEBU PRESTEGARD
Vaksen: 120,-
Born opp til 16 år: 60,-
Student/honnør: 100,-
Gruppe (minimum 10 personar): 100,-

TILKOMST
Ringebu stavkyrkje og prestegard er skilta frå E6, like sør for Ringebu sentrum. Adresse er Vekkomsvegen 433. Båe stader har parkering.

 

Utstillingar i Gudbrandsdalsmusea

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2