Hopp til hovudinnhald

Om Gudbrandsdalsmusea

Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen. Museet formidlar kunnskap om både materiell og immateriell kulturarv gjennom arkiv og utstillingar, kurs og foredrag.

Frå Ringebu i sør til Lesja i nord og Skjåk i vest strekker museet seg over ni kommunar i Gudbrandsdalen. Museet har aktivitet i alle bygder i regionen og ei rekke avdelingar.

Kulturarven er levande. Gudbrandsdalsmusea er eit kulturelt samlingspunkt og ein møteplass for eit mangfaldig publikum. «Vern gjennom bruk» er ein berande strategi. Museet skal løfte kulturarven opp og fram gjennom at publikum sjølve kan ta del, til dømes gjennom kurs og foredrag, utstillingar og konsertar. Med eit vakent auga for både fortid, samtid og framtid i Gudbrandsdalen er kulturarven relevant og verdifull.

Ulike aldersgrupper nyttar museet på ulike vis, og rekruttering og engasjement er viktig for Gudbrandsdalsmusea. Gudbrandsdalsmusea samarbeider tett med historielag og andre miljø i regionen. Slik er hundretals av hender i arbeid, noko som skaper opplevingar, forankring og eigarskap for mange. Barn og unge er ei prioritert gruppe i lag med eit stort korps av engasjerte friviljuge.

Gudbrandsdalsmusea bidreg til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling av museet og samfunnet gjennom internasjonale, nasjonale og eigne konkrete mål og satsingar.

Gudbrandsdalen er det området i landet med flest freda bygningar. Mange hus og anlegg er i god stand, men mange eigarar treng hjelp og rådgjeving i arbeidet med bevaring og istandsetting. Saman med Innlandet fylkeskommune tilbyr Gudbrandsdalsmusea rådgjeving til huseigarar som ynskjer hjelp med gamle hus, byggeskikk, ny bruk, eller tilpassing av nye bygningar til gamalt miljø.

Gudbrandsdalsmusea tek vare på historiske dokument, bilete, film og lydopptak. Eit stort historisk materiale er tilgjengeleg for publikum. Fysisk kan ein oppsøke dei fire arkiva som ligg spreidde i regionen, og stadig meir blir tilgjengeleg via eigen skjerm, etter kvart som arbeidet med digitalisering går framover. Mange hentar opplysningar frå arkiva til bruk i skulesamanheng og historiske publikasjonar.

Driftsselskapet Gudbrandsdalsmusea AS er eigd av kommunane. Avdelingane er eigde av historielag, eigarstiftingar og andre.

Det er i 2024 13 tilsette i Gudbrandsdalsmusea. Dei tilsette er fordelte på avdelingar rundt om i heile Gudbrandsdalen.

Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 2