Hopp til hovudinnhald

Folkemusikkarkivet samlar inn og dokumenterer eldre og nyare folkemusikk og folkedans i heile Gudbrandsdalen.

Folkemusikkarkivet står for ei omfattande samling av noter, lydopptak, intervju, bilete, bøker, artiklar og anna knytt til folkemusikk og tradisjonsmusikk i Gudbrandsdalen. To arkiv forvaltar folkemusikkarven i Gudbrandsdalen – desse ligg på Ringebu og i Vågå.

Til saman har folkemusikkarkiva over 30 000 lydkutt, video, notar, song og dans frå Gudbrandsdalen. Mykje av dette er sjeldne opptak som strekker seg frå heilt attende til tidleg på 1900-talet og fram til i dag.

Folkemusikkarkiva er viktige kjelder for utøvarar i dag som ynskjer å fordjupe seg i eigen tradisjon og finne nytt repertoar. Samtidig blir det gjort eit viktig rekrutteringsarbeid blant barn og unge for å vidareføre tradisjonsarven til nye generasjonar.

Det er tett samarbeid mellom arkiva og folkemusikkinstitusjonane på høgskule- og universitetsnivå.

Folkemusikkarkiva driv også aktiv innsamling og formidlar tradisjonen gjennom gruppa «Gudbrandsdal Museumsspelmenn».

Kontakt

Avdeling Ringebu

Innovasjonssenteret i Jernbanegata 4, 2630 Ringebu

| Onsdag 08.00–15.30, og etter avtale.

Avdeling Vågå

Edvard Storms veg 26, 2680 Vågå

| Tysdag 11.00–18.00, og etter avtale.

Oppdag Gudbrandsdalsmusea

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2