- 1/1
Gudbrandsdalsseminaret
Lokalhistorie
Gudbrandsdalsseminaret
Det årlege Gudbrandsdalsseminaret er den viktigaste møtestaden for lokalhistorisk interesserte i Gudbrandsdalen gjennom året.
Ein god møteplass
Seminaret vart etablert i 2009 i eit samarbeid mellom Opplandsarkivet avdeling Maihaugen, Oppland fylkeskommune, Gudbrandsdalsmusea og Gudbrandsdal historielag. Gudbrandsdalsseminaret er eit av dei samlande arrangementa som set fokus på Gudbrandsdalen.
Målet med seminaret er å skape ein møteplass med gode foredrag for ulike lokalhistorisk interesserte, akademikarar og andre og presentere nyare forsking og historiegransking.
Ein har fleire ulike målgrupper: medlemmer i historielaga og andre relevante organisasjonar, lærarar og skuleelevar i den vidaregåande skulen, politikarar, næringsliv, tilsette i fylkeskommunen, musea og høgskulen, utflytta dølar og andre interesserte. Kvart år er det invitert særskilde målgrupper knytte til årets tema – ut over dei lokalhistorisk interesserte. Det er vanlegvis 70–100 deltakarar på seminaret.
Seminaret har i alle år halde hus på Maihaugen på Lillehammer. I 2025 vart seminaret lagt til Otta. Det er eit mål at seminaret skal pendle mellom Lillehammer og ein av tettstadene i Gudbrandsdalen.
I 2025 vart seminaret lagt til Otta. Det er eit mål at seminaret skal pendle mellom Lillehammer og ein av tettstadene i Gudbrandsdalen.
Frå foredrag til tekst
Program blir sendt ut åt tidlegare deltakarar – og aktuelle målgrupper. Det er lagt til rette for gode pausar gjennom dagen, god mat, og praten går lett mellom øktene. Arrangørane legg vekt på stramme tidsrammer for foredraga, slik at ein i all hovudsak held seg til tidsrammene for dagen.
Redaktør i Årbok for Gudbrandsdalen sørger for å få nokre foredrag omdanna til artiklar for årboka. I tillegg blir foredraga lagde ut på Fylkesarkivet sine sider, lenka frå dei ulike samarbeidspartane.
Kvart år har seminaret eitt eller to tema, med ei god blanding av foredragshaldarar, frå lokalhistorikarar til ulike fagpersonar avhengig av tema.
Det har vorte nokre endringar i samarbeidet. I dag er det Stiftelsen Lillehammer museum avdeling Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea AS og Gudbrandsdal historielag Dølaringen som er arrangørar.
Arrangørane har ei styringsgruppe som står ansvarleg for seminaret – som blir arrangert som ein dugnad mellom partane. Partane har delt økonomisk ansvar – alt regulert av ein gjensidig samarbeidsavtale.