Lagabøtes Landslov av 1274 er den fyrste riksdekkjande lovboka i Europa som faktisk vart brukt. Lovverket var det første som gjaldt for hele Norge og er et av de første eksemplene på omfattende nasjonal lovgivning fra en sentralmyndighet i Europa.
Landslova la grunnlaget for ei omfattande samfunnsreform av Noreg. Lovboka fekk ei levetid på 400 år, og er ved sida av Grunnlova av 1814 kanskje det viktigaste dokumentet i norsk historie.
Landslova av 1274 bestemte mellom anna at det var generell allmisseplikt: Den som stal mat av svolt, skulle ikkje bli straffa, men om ein frisk og mett mann stal, skulle han bli pryla og deretter bli sett i straffearbeid.
Landslova speglar eit spekter av interesser i samfunnet. Samstundes tok ho hensyn til dei mindre mektige gruppene i samfunnet gjennom system for fattigomsorg.
Inngang: 100,- inkl kaffe og biteti
Arrangør: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea
Foto: Magnus Lagabøtes landslov, fotografert på Nasjonalbiblioteket i utstillingen Opplyst. Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket