Hopp til hovudinnhald

14. september i år arrangerer Lesja bygdemuseum og Norsk Seterkultur Lokkeseminar. Målet med seminaret er å halde oppe engasjementet og kunnskapen om lokken som fenomen, som immateriell kulturarv og som del av ein kvardag.

Seminaret blir til på Lesja bygdemuseum på Lesja i Nord-Gudbrandsdalen. Seminaret blir ei blanding av kåseri, samtale og utprøving. Vi ynskjer å invitere dei med praktisk erfaring frå lokken og seterlivet, la dei fortelje og dele minne om lokken i kvardagen. Vi vil bruke lokale og nasjonale krefter under seminaret. 

Lokkeseminaret skal vere ein møteplass for mange: for dei som arbeider i landbruket, dei med tilknyting til seterkulturen, men òg for alle dei med interesse for kulturarven: musikarar og byråkratar, museumstilsette og andre. Vi ynskjer å skape ein arena for dei med interesse for lokken i vidaste forstand.

Seminaret blir til i samarbeid med Lesja Dovre Bonde- og Småbrukarlag, Avdem gardsysteri, Norsk Kvedarforum, Gudbrandsdal Folkemusikklag og Valdresmusea.

Seminaret har motteke økonomisk støtte frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans, SpareBank 1 Lom og Skjåk og Norsk Seterkultur.  

Velkomen på seminar!

Program og informasjon

10.00–10.30 Kaffi og registrering
10.30–10.45 Velkomen og musikalsk innslag ved Tom W. Rustad og Kristin A. Hagen
10.45–11.15 Foredrag ved Anna Jorun Avdem: God kommunikasjon, god matproduksjon
11.15–11.45 Foredrag ved Tom W. Rustad: Lokken i folkemusikkarkiva
11.45–12.00 Kort pause
12.00–13.30 Kurs (for alle): Innføring i lokking ved Karin Kolterud (ute)
13.30–14.30 Lunsj og kaffi (Tunstugu)
14.30–15.30 Kurs og demonstrasjon med Tone Jorunn Tveito, Ola Fjeldet, Anna Hage. Deltakarane fordelar seg i gruppe, som rullerer mellom lokkarane
15.30–16.00 Foredrag ved Knut Ola Storbråten: Kva skjer når dyra forsvinn? Naturtap og konsekvensane det har for den immaterielle kulturen
16.00–16.30 Samtale: Knut Aastad Bråten i samtale med Anne Marie Lien Sønstebø
16.30–17.30 Lokkarlag: Kaffi og refleksjon over lokken i dag
17.30 Takk for i dag!

TILKOMST
Lesja bygdemuseum, Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja

KOSTNAD
Deltakaravgift (inkluderer lunsj og kaffi): vaksen 650 kroner
Studentar/honnør/ungdom til 17 år: 500 kroner
Det blir sendt faktura til deltakarane etter seminaret

PÅMELDING
knut.aastad.braten@gudbrandsdalsmusea.no

  • Kyr
    1/8
    Ragnhild Bøe
  • Telemarkskyr i stølsfjøset til Kjell Trandokken
    2/8
    Knut Aastad Bråten
  • Kyr på Sjong
    3/8
    Einar Utgaard
  • Bøsetre
    4/8
    Einar Utgaard
  • Kyr
    5/8
    Yngve Ask
  • Kyr
    6/8
    Anne-Marte Før
  • Mjølking
    7/8
    Per Jordhøy
  • Kyr / Ingeborg Austad
    8/8
    Knut Aastad Bråten

Kontakt

Om

Lesja bygdemuseum vart stifta då ein såg eit behov for å ta vare på historiske og tradisjonsrike gjenstandar og hus i bygda. Lesja Heimbygdslag vart stifta 13. desember 1957, seinare omdanna til Lesja historielag. Laget dreiv museet til 2003, då overtok Musea i Nord-Gudbrandsdalen drifta. I 2008 tok Gudbrandsdalsmusea AS over driftsansvaret. Ei eigarstifting eig husa, anlegget og samlingane, medan Gudbrandsdalsmusea AS er driftsansvarlege.

Museum24:Portal - 2024.09.30
Grunnstilsett-versjon: 2