Hopp til hovudinnhald

Samtale | Marit Beate Kasin | Naturparadokset

Journalist og forfattar Marit Beate Kasin skriv om naturtap i den svært aktuelle boka Naturparadokset. Sjeldan har ei bok vore meir relevant i ei tid der stadig fleire blir merksame på nedbygginga av naturen.

Dovre folkebibliotek Gudbrandsdalsmusea
09. april 2025
19.00 – 21.00

Har hyttedraumen blitt naturens mareritt, spør Marit Beate Kasin, som tek lesarane med til fjells. I boka viser ho korleis hyttebygging, alpinanlegg og vegar trenger villreinen og andre sårbare dyr stadig lenger bort og vekk. Sjølv om det unike artsmangfaldet er lovfesta, blir verneverdig skog hogge, vindmølleparkar blir reist på haug og fjell, myr blir gjort om til hyttelandsbyar og talet på rovdyr blir halde på eit kritisk lågt nivå.           

Naturparadokset er ei utforsking av interessemotsetningar og truga natur. Forfattaren avslører gapet mellom gode intensjonar og faktisk praksis. Skal naturen tape i kampen mot utbyggingsinteresser? Er det mogleg å restaurere tapt natur?

Kasin er journalist i avisa Valdres. I 2021 tok engasjementet hennar ei ny retning i graveprosjektet Hytteparadokset i same avis. Prosjektet, som undersøkte miljøkonsekvensane av den norske hyttedraumen, var med å opne augo hennar for omfanget av naturtap. Arbeidet resulterte seinare i boka Naturparadokset. 

Marit Beate Kasin bur i Øystre Slidre kommune, men er fødd på Notodden i Telemark. På fritida lever ho ut draumen med eige hundespann. Ho har tilbakelagt omtrent 75 000 kilometer med hundeslede. Etter å ha blitt norgesmeister i langdistanse hundekøyring i 2016, debuterte hun i 2018 som forfattar med boka Vinterdans – 1000 kilometer. 14 hunder. Én kvinne.

Kari Utgaard har lang fartstid som journalist i avisa GD på Lillehammer – og det er ho som skal samtale med Marit Beate Kasin. Utgaard kjem frå Lesja, men bur i dag på Lillehammer. Hyttebygging og nedbygging av natur er tema som Kari Utgaard har arbeidd mykje med som journalist.

Arrangementet er støtta økonomisk av Fritt Ord

Marit Beate Kasin kan du og treffe på Norsk fjellsenter dagen etter. Meir om arrangementet her

Inngang: Gratis! 

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea – i samarbeid mellom Dovre folkebibliotek og GD

  • Marit Beate Kasin
    1/3
    Marte Vik Arnesen
  • Marit Beate Kasin
    2/3
    Res Publica
  • Kari Utgaard
    3/3
    GD
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2