Hopp til hovudinnhald

Nationen | Hesjing for framtida

Dei står stramme og beine bortetter jorda, som ein levegg mot vinden, som eit kunstverk i landskapet. På avstand ser dei ut som vinranker i ein tysk dal.

Teksten har tidlegare stått på trykk i Nationen

Minnebank

Lukt av nyslått gras. Lukt av blomar og urter. Lukt av godvêr og varme sommardagar.

Eg prøver å sjå for meg korleis landskapet på bygdene såg ut den gongen. På 80-talet vart det framleis hesja rundt om på mange gardar. I bratte bakkar og på flate jorde. Sidan forsvann hesjene. I dag er det berre dei eldste som veit kva ei hesje er, og som hugsar korleis ei hesje blei til.

Til dagleg jobbar eg på Lesja bygdemuseum. Førre veke arrangerte vi hesjedag på museet. Fleire godt vaksne er med, bygdefolk med lang fartstid frå slåttemarka og dei utan erfaring. Rettnok er mykje på plass før museumsgjesten slepp til med rive og høygaffel: Nokon har slått graset. Andre har ordna staur og sett til at hesjetråden er stram.

Sidan går vi i gang. Graset blir lagt på den nedste tråden, vi strekker ut meir tråd, strammar og gjentek den same prosessen, samlar i haug det som ligg att på bakken, legg på meir gras. Hesjing tek tid, men må også gjerast effektivt. Best å skunde seg før regnet kjem.

Er det naudsynt å ta vare på kunnskap som vi ikkje lenger har bruk for? Har hesjinga ein plass i framtidslandbruket?

På liksom

Slåttedagen opnar minne og set sansane i rørsle. Eg ser korleis arbeidet framleis sit i kroppen på mange av dei eldre, kor lett dei svingar høygaffelen. Innimellom arbeidet deler dei historier frå fortida, om arbeidsfolk og slåttegraut. Sjølv tenkjer eg på arbeidet som vart lagt ned for å kome i mål – og så tilfredse folk var når slåtten var over.

I dag hesjar vi på liksom.

Å sikre fôret for vinteren var eit fellesskap som involverte mange – med mykje arbeid, mykje samhald, mykje alvor. «Års grøde er års føde», seier ei herme. Svikta avlinga, vart det fôrmangel, med dei konsekvensane det fekk for både dyr og menneske.

Eg hugsar hesjinga frå min eigen barndom. Det vart aldri investert i større maskinpark heime. Til det var bruket for lite. Men forpliktinga til jorda er sterk, og ynsket om å halde ho i hevd. Sjølv kor lite bruket var. Difor vart jorda slegne, også lenge etter at dei eldste slutta med dyr.

I dag snakkar eg varmt om hesjinga heime, sjølv om eg neppe bidrog i særleg grad. Høysnue var gyldig grunn til å snike seg unna. Dessutan var hesjing tungt arbeid. Og dørgande kjedeleg. Verst var flugene. Kanskje var eg med i ein time eller to før latskapen tok meg, og eg fekk fri. Truleg var eg berre til heft.

Framleis verdi

Dagen på Lesja bygdemuseum gjev ein smakebit på ei avleggs driftsform som ikkje er meir. Samstundes opnar dagen for undring og mange spørsmål: Er det naudsynt å ta vare på kunnskap som vi ikkje lenger har bruk for? Har hesjinga ein plass i framtidslandbruket?

Vi lever godt utan hesjene, vil mange meine. Samstundes ber hesjinga i seg mykje kunnskap som enno kan kome til nytte. Ikkje minst utfordrar endringane i klimaet oss til å sjå og leite etter andre, meir miljøvenlege måtar å drive på.

Hesjing er ein arbeidsam prosess, men òg ein trygg og føreseieleg måte å ordne tørrfôret på. Best var det når det var mange godvêrsdagar etter kvarandre. Då tok det ikkje mange dagane før fôret var i hus. Om vêret var ustabilt, kunne hesja stå lenge.

Ei hesje var tilpassa landskapet på andre måtar enn moderne landbruk. Hesjing er skånsamt mot jorda, i motsetnad til stordrift, som krev meir og større maskinpark. Soltørka høy er også rikt på D-vitamin, og er med på å skape variert kost for dyra. Hesjing gjorde det dessutan mogleg å utnytte ein større del av landskapet – også dei bratte og småe areala som ikkje kravde maskin og stort utstyr.

Teknologien har frigjort oss frå mykje. Tungt, manuelt arbeid, til dømes. Det kan kjennast som ein lette for den som har mykje jord å fare over, og som styrer etter effektivitet og lønsemd. Kven orkar å bruke dagar på hesjing når ein kan berge fôret på andre, kjappare og enklare måtar?

Fenomen

All kunnskap er viktig kunnskap. Også den som vi trur vi ikkje har bruk for, eller som ikkje kjennest naudsynt akkurat no. Ingen kjenner morgondagen, men kanskje ligg noko av svaret på framtidsutfordringane i fortida, i eldre måtar å drive jorda på?

Hesja er ein fleire hundre år gamal kulturtradisjon som har vore avgjerande for utviklinga i landbruket – heilt fram til i dag. Hesja og arbeidet med den kan stå som eit vitnesbyrd om ei anna tid, ein annan måte å leve og arbeide på. Det i seg sjølv gjer det meiningsfullt å sikre kunnskapen om hesja for framtida – som fenomen og driftsform.

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2