Hopp til hovudinnhald

Kveldsseto | Den farlegaste nazisten. Den beste læraren

Johs. Myhren var ein av dei mest kjende dølane i si samtid. Han var aktiv nazist under krigen, og dømd til tvangsarbeid i 12 år i 1946, ei straff som Høgsterett året etter justerte til 15. Kven var nazisten, rektoren og dølen Johs. Myhren?

Gudbrandsdalsmusea
23. jan. 2025
19.00 – 21.00 Tunstugu
05. mars 2025
19.00 – 21.00 Nord-Fron bibliotek

I siste utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen skriv Ulateig ein lengre artikkel om nazisten, retoren og dølen Johs. Myhren (1915-2011) frå Harpefoss i Sør-Fron. Johs. var aktiv nazist under krigen som stabsleiar for Nasjonal Samlings Ungdomsfylking. I 1959 vart han lektor på Gudbrandsdal landsgymnas på Vinstra. Ingen fekk så gode skilsmål som lektor Myhren. Temmeleg streng, litt dominerande til tider, men rettferdig og alltid førebudd til timane.

Kven var nazisten, rektoren og dølen Johs. Myhren? Kvifor vart han gripen av eit nazistisk tankegods den gongen? Tok han eit oppgjer med dei totalitære ideane etter krigen, og kva tenkte han sjølv – og samfunnet rundt han – om forsoning og vegen vidare?

Velkommen til føredrag og samtale med journalist og forfattar Egil Ulateig på Tunstugu på Lesja bygdemuseum torsdag 23. januar klokka 19.00.

Bakgrunn

Johs. Myhren tok artium på Lillehammer kommunale høyere allmennskole i 1935 og reiste til Oslo og universitetet, der han i 1940 avla eksamen i norsk (hovudfag), engelsk og tysk, og kunne dermed kalle seg cand.philol. Hovudoppgåva hans heitte «Ætt og individ i Tore Ørjasæters diktning». I 1941 avla han eksamen ved Pedagogisk seminar og var dermed ferdigutdanna lektor og budd til å gå inn i skulevesenet.

I 1942 reiste han med familie til Gjøvik der han vart tilsett som lektor på ein skule som var midt i blinken for han. Statsgymnaset, som flytta inn på Viken kristelege folkehøgskule, nokre kilometer nord for byen, var ei nyskaping i Nasjonal Samling (NS) sitt skuleverk.

Han melde seg ikkje inn i NS før fleire veker etter Josef Terbovens tale med den høgtidelege lovnaden om at NS-partiet var vegen til framtida. Denne hausten vart tusenvis av nordmenn nasjonalsosialistar. Og Johs. Myhren kunne innan kort tid starte det store og viktige arbeidet med å gjera norsk ungdom til unge soldatar for det komande «Riket».

Ekstrem nasjonalisme tok ein stor plass i Johs. Myhren si identitetskjensle. I eit manifest, skrive i 1943, forklarar han bakgrunnen for medlemsskapen slik: «Jeg er medlem av Nasjonal Samling fordi jeg er en nordmann som vil det beste for landet». Han forakta, eller kanskje rettare sagt hata, bolsjevismen og sovjetsamfunnet. Han var tilhengar av førarprinsippet. Trua på den sterke leiaren. Meir overraskande kan hende er at forakta hans også gjaldt det han kalla «den intellektuelle elite».

I 1976 når Johs Myhren toppen av lærarpyramiden; han blir i statsråd utnemnd til rektor ved Vinstra vidaregåande skule. Han fyller den viktige stillinga på framifrå vis og blir stadig meir anerkjent, også hjå sentrale politikarar og spissane i det nasjonale skulebyråkratiet. Tidleg på 80-talet leia han den nasjonale oppgåvenemnda, som laga eksamensoppgåver i norsk hovud- og sidemål.

På slutten av 90-talet blir det reist nye spørsmål og ynskje om oppgjer. Korleis kunne dei styrande setja ein slik nazist til å ta seg av unge menneske? Spøkelset frå fortida hadde reist seg i brune gevantar. Myhren svara ikkje på skuldingane og stormen løya temmeleg fort.

Johannes Myhren døydde 28. april 2011 på Helsehuset i Lillehammer.

Arrangementet er støtta økonomisk av Fritt Ord

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea – i samarbeid med Lesja historielag, Nord-Fron bibliotek og Gudbrandsdal krigsminnesamling. 

  • Johs. Myhren
    1/3
    Årbok for Gudbrandsdalen
  • Johs. Myhren
    2/3
    Årbok for Gudbrandsdalen
  • Johs. Myhren
    3/3
    Årbok for Gudbrandsdalen
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2