Hopp til hovudinnhald

Nationen | Liv i skakke veggar

I ein roten tømmerstokk finst vemod, håp og svar på morgondagens utfordringar. Korleis sikrar vi bygningsarven for framtida?

Teksten har tidlegare stått på trykk i Nationen

Fleire rynker

Dei står her framleis. Ikkje like fine som dei ein gong var, men på ein annan måte. Det er som om dei gamle bygningane har fått fleire rynker.

Ein gong såg det annleis ut på den nedlagde plassen. Her var ungar i leik. Arbeid i fjøset. Dur frå eit nytt aggregat. Ein katt i tunet. Det byrjar å bli ein del år sidan no. Kor lenge det har stått folketomt her, veit eg ikkje. 40 år, kanskje. 60.

«Så fint det er her», seier eg spontant. Eg lener meg inntil den skakke veggen, myser utover landskapet og opp på skyene på himmelen. I møte med forfallet kjem eg tett på menneska og livet i eldre tid. I den rotne stokken finst spor og forteljingar om dei som ein gong budde her. Kven var dei? Kva håp og lengslar bar dei på – for seg sjølve, for familien sin?

Ein romantisk fortidslengt kjem sjeldan åleine. I sekundet etter er eg full av vemod og avmakt over det som er i ferd med å forsvinne. Kvifor let vi kulturarven forvitre på denne måten?

Er det mogleg å puste liv i dei gamle husa att? Er det mogleg å sikre husa mot meir forfall?

Til helvete

Utfallet synest opplagt. Samstundes ber dei gamle tømmerhusa ein imponerande vilje til å halde ut, til ikkje å gje slepp. Enno strittar dei imot ver og vind – og menneske. Det er som om husa snakkar til oss. Ut av den rotne tømmerveggen les eg vitnesbyrd om menneskeleg likesæle, om manglande respekt for det som ligg her.

Interesse for kulturarv og bygningsvern er ikkje jamt fordelt. Å eige gamle hus betyr ikkje at du interesserer deg for fortida, eller at du ynskjer å sikre bygningsmassen for framtida. Kanskje var det oppveksten i den trekkfulle stova som forma haldningane dine til alt det gamle. I staden drøymde du om alt det andre. Eit moderne hus med nymåla vegger. Varme golv og tette glas. Til helvete med det gamle åket. Til helvete med den brattlendte tomta. Fortida har gjeve oss mykje, men moderniseringa gjev oss meir.

Vi ser den gamle bygningsarven med ulike briller og på ulike måtar. I hovudet til ein eigedomsmeklar er huset kondemnabelt. For ho som lengtar etter noko anna, er plassen ein skatt og starten på eit nytt kapittel. Er det mogleg å puste liv i dei gamle husa att? Er det mogleg å sikre husa mot meir forfall?

Verdiskaping

Det finst hundretusenvis av tomme hus i Noreg. Kvaliteten på dei varierer, naturleg nok, men verdien av å sikre bygningane for framtida er stor. For miljøet, til dømes. Bygningsarven er òg ei viktig kjelde til kunnskap – ikkje minst for byggeindustrien i framtida. Bygging av nytt er med på å fyre opp dei totale klimautsleppa – i motsetnad til istandsetting av det som alt finst, som er med på å halde energiforbruket nede. Den bygningstekniske levetida til moderne hus er vesentleg kortare enn levetida til eldre hus. Ny teknologi kan gje oss svaret på mykje. Det same kan den sprokne tømmerstokken.

Til dagleg jobbar eg som avdelingsleiar i Gudbrandsdalsmusea i Innlandet. I regionen finst ei særleg satsing på nettopp bygningsvern. Gjennom ei rådgjevingsteneste med bygningsvernrådgjevarar spreidde rundt om på musea i fylket får huseigarar av freda og verneverdige hus tilbod om gratis råd og hjelp til korleis dei skal sikre bygningane for framtida. Ordninga er eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunane og musea i regionen, og fungerer som eit bindeledd mellom huseigarane, offentleg forvalting og ulike støtteordningar. Dessutan er ordninga ein pådrivar for at istandsetting i det heile skal skje. Det er ei god ordning – ikkje minst for dei huseigarane som kvart år mottek millionar av kroner til nettopp istandsetting. I 2023 delte Kulturminnefondet ut 118 millionar kroner til ulike istandsettingsprogram i heile landet.

Enkle grep

Ordninga er god, men også avhengig av stabile og føreseielege økonomiske rammer. Forsvinn kompetanse om bygningsarven, aukar også risikoen for at eigarar med freda og verneverdige hus ikkje får den hjelpa dei treng.

Interessa for vern varierer. Difor må vernet også omfamne vernetiltak i vidaste forstand. Ikkje alt må heller fiksast etter antikvariske prinsipp. Ikkje sjeldan er enkle grep godt nok. For ein periode, iallfall. Bølgjeblekket kom hit til lands på slutten av 1800-talet. Blekket var slutten på rotne og lekke tak – og ei verdifull sikring av den gamle bygningsarven. Frådelingspolitikken er eit anna verkemiddel som blir praktisert ulikt i kommunane. Einskilde kommunar har ei open og positiv haldning til frådeling av eldre hus og tun som ikkje lenger tener som bustad eller til aktiv drift. No og då er slike løysingar også det beste. For huseigaren – og for bygningsarven.

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2