Gudbrandsdalsseminaret har tittelen UT og ser nærmare på utvandring og innvandring – før og i dag. Å reise eller å vere på flukt handlar om enkeltmenneske og skjebnar, om levd liv og nye heimar. Naud og småe kår her heime dreiv mange ut av landet den gongen. Kva reiste dei frå, og kva kom dei til? Kven var det som reiste? Kva ressursar skulle til, menneskeleg og økonomisk? Og korleis gjekk det med dei som reiste – og kanskje også dei som vart att?
I 2025 er situasjonen motsett. I fleire tiår har Noreg og Gudbrandsdalen vorte ny heimeadresse for folk frå mange land og kulturar. Arbeidsinnvandring frå Sverige har vore stor i ei rekkje serviceyrke. Byggeplassane er fylte opp av folk frå Aust-Europa og Baltikum. På mange vis har dette redda både bedrifter og aktivitet. Krig og elendigheit fører menneske på flukt. På asylmottak i Innlandet bur flyktningar frå mange land og kulturar. Dei ber med seg ulike historier. Mange lukkast også godt i det nye tilværet. Innvandringa har stor innverknad på utviklinga av lokalsamfunnet i Gudbrandsdalen og Innlandet. I 2025 er det vanskeleg å få utretta noko på ein gard i Gudbrandsdalen om ein ikkje pratar engelsk.
Gudbrandsdalsseminaret 2025 har tittelen UT og ser nærmare på utvandring og innvandring, årsaker og verknadar både for samfunn og folk – gjennom 200 år heilt opp til vår tid.
Nytt av året er også at:
Gudbrandsdalsseminaret er lagt utanom Lillehammer. Heretter vil seminaret veksle anna kvart år mellom Maihaugen og ei av bygdene i Gudbrandsdalen. I år er vi i Sel, ein av kommunane som historisk hadde stor utvandring i si tid – og innvandring i notid.
Lokale skuleklassar blir invitert til å ta del i eit elevopplegg i forkant av sjølve seminaret. Elevane er og velkomne til å ta del på sjølve seminaret.
PROGRAM
For skuleelevar
09:00 Amerikavise | Kristin Akslen Hagen og Tom Willy Rustad. Velkomen | fylkeskultursjef Kurt Ole Linn
09:05 Søskena på Stykkebakken, dei som reiste og dei som vart att. Smakebitar frå emigrasjons- og husmannsformidlinga på Maihaugen. | Veslemøy Furuseth og Thorstein Hernes, Maihaugen
09:25 Amerikavise | Kristin Akslen Hagen og Tom Willy Rustad, Gudbrandsdalsmusea
09:30 Som eit makteslaust blad i lufta | Asaf Bajat, forfattar
09:50 Musikkinnslag | flyktningar
09:55 Takk for følgjet | Kristina Skåden, førstekonservator NMF, Maihaugen
Dagens program
09:00 Registrering og kaffe
10:00 Amerikavise | Kristin Akslen Hagen og Tom Willy Rustad, folkemusikkarkivarar i Gudbrandsdalsmusea
10:05 Velkomen | fylkeskultursjef Kurt Ole Linn
Utvandring
Seksjonen blir leia av Knut Aastad Bråten, direktør i Gudbrandsdalsmusea
10:15 Oppbrudd og endring: Norsk utvandring til Nord-Amerika i eit 200-årsperspektiv | Terje Mikael Hasle Joranger, fag- og forskingsdirektør, Norsk utvandrermuseum
10:45 Amerikavise | Kristin Akslen Hagen og Tom Willy Rustad, Gudbrandsdalsmusea
10:50 Amerikabrev | Kristin Akslen Hagen og Tom Willy Rustad, Gudbrandsdalsmusea
11:00 Pause
11:20 Om utvandringa i litteraturen | Jon Ivar Tofte, kulturformidlar
11:40 Søskena på Stykkebakken, dei som reiste og dei som vart att. Smakebitar frå emigrasjons- og husmannsformidlinga på Maihaugen | Veslemøy Furuseth og Thorstein Hernes
12:15 Lunsj
Innvandring
Seksjonen blir leia av Kristina Skåden, førstekonservator NMF, Maihaugen
13:00 Noreg – eit innvandringsland | Jan Eivind Myhre, professor emeritus, historikar
13:30 Korleis skrive samtidshistorie om migrasjon? Presentasjon av Prosjektet «Å krysse grenser. Flyktningar fortel» | Amani Aboshabana, forfattar og Kathrine Skretting, professor emerita, medievitar
14:00 Pause
14:20 Som et makteslaust blad i lufta. Flyktningar fortel. | Asef Bajat, forfattar
14:40 Om arbeidet ved Lillehammer frivilligsentral | Kirsten Kallelid
15:00 Til arbeid! Polsk innvandring i Norge gjennom 200 år | Zoji Ghimire, mastergrad i psykologi
15:20 Musikkinnslag | ved flyktningar
15:30 Utvandring og innvandring før og no | Kristina Skåden i samtale med fleire av foredragshaldarane
16:00 Slutt
Deltaking: 750 kroner lunsj og kaffimat gjennom dagen inkludert
Påmelding: Klikk her for billett
Påmeldingsfrist: 10. mars
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Lillehammer Museum Maihaugen og Gudbrandsdal historielag Dølaringen
- 1/2
- 2/2