- 1/1
Identitet, tihøyr og deltaking
Ung i dialogen
Musea ein viktig del av demokratiets infrastruktur og dei siste åra har musea i større grad arbeidd for å styrke ytringskulturen, ikkje minst blant unge som fell ut.
Myndiggjering
Det er Valdresmusea, Randsfjordmuseet, Gudbrandsdalsmusea som driv Ung i dialogen, med støtte frå Sparebankstiftelsen. Ung i dialogen er organisert med prosjektleiarar i kvar regionen.
FNs barnekonvensjon gir barn og ungdom rett til innflytelse i og medbestemming over eigne liv. Deltaking i samfunnet handlar derfor om moglegheitene den enkelte har til å myndiggjere seg sjølv, og å påverke sin eigen livssituasjon. Men kor reell er moglegheitene til å påverke for ungdom i Innlandet? Bidreg ungdom til god samfunnsutvikling gjennom deltaking og engasjement i fritid, politikk og organisasjonsliv?
Kva skal til for at ungdom i Innlandet engasjerer seg i politikk og samfunn
Utanforskap
Ungdata har i fleire år peikt på utfordringane for innlandskommunane med høge mobbetal i skulen og elevar som slit med rus og mentale plager. Rapportane viser at dei fleste ungdommane i Innlandet stort sett har det bra, men at ikkje alle trivs korkje på skulen eller i nærmiljøet sitt. Mange peikar på streng sosial kontroll, lite rom for annleisheit og at det er krevjande å «finne gjengen sin». Særleg utsette er jentene. Når ein ikkje trivast på skulen, er sjansane for fråfall stort. Dropout-problematikken er høg i vårt distrikt, særleg gjeld dette for gutane.
Denne trenden representerer eit demokratisk og samfunnsmessig problem. Ein rapport frå SSB viser at ungdom er underrepresentert i mange av kommunestyra våre. I Innlandet er berre 4 % av dei folkevalde under 26 år, trass i at dei utgjer 12 % av den valbare delen av befolkninga. Dette er langt under det nasjonale nivået og ein må sjå det i samanheng med svak ungdomsorganisering i politiske parti eller frivillige lag og organisasjonar.
Verktøykasse
Utan demokratisk trening i ung alder, blir det samfunnsmessige engasjementet derfor svakt i vaksen alder. Kva skal til for at ungdom i Innlandet engasjerer seg i politikk og samfunn – i sitt eige lokalsamfunn?
Mangfald, deltaking og demokrati har vore gjennomgåande tema innfor den nasjonale politikken og institusjonslivet dei siste åra. Spørsmålet om deltaking og representasjon blant unge har særleg vorte aktualisert gjennom Fosen-aksjonen. Her har dei unge vist mot og stemme i ei nasjonal sak – på ein nasjonal arena. Då er situasjonen annleis blant ungdom på bygdene i Innlandet. Her er det framleis mange utan kjennskap eller tilgang til den lokaldemokratiske verktøykassa.
Dette vil vi gjere noko med.