Hopp til hovudinnhald

Storstabburet | Presthaugen – Lom bygdemuseum

Lom ligg i regnskuggen bak Jotunheimen, og er av dei turraste plassane i Noreg. Likevel var bygda lenge full av kornåkrar. I utstillinga «Vatn og korn» får du vite korleis det vart mogleg.

For å kunne dyrke jorda, måtte bøndene i Nord-Gudbrandsdalen bygge kunstige vassveger for å lede vatn frå fjella og ut på markane sine. Fleire bruk gjekk ofte saman om å lage ein vassveg som dei delte. Ein annan ting var å få sådd kornet utan at det blåser vekk. Det skjedde nærast ein revolusjon i Lom då den lomske såmaskina blei vanleg på byrjinga av 1800-talet. Du kan sjå eit eksemplar i utstillinga.

Storstabburet er bygd på 1600 talet som tiendebu og fungerte som kornmagasin for bygdene Lom og Skjåk frå slutten av 1700-talet til sist på 1800-talet.

«Gje Vårherre sol, ska oss sjølve skaffe væte»

Gamalt munnhell frå Lom

OPNINGSTIDER
Omvising i utstillinga "Vatn og korn" skjer etter avtale

TILKOMST
Presthaugen – Lom bygdemuseum, Brubakken 12, 2686 Lom. Museet ligg rett bak Norsk fjellsenter.

Kontakt

Andre utstillinger på Gudbrandsdalsmusea

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2