- 1/1
Verdiskaping
Villreinarven
Mellom Norsk fjellsenter i Lom, Lesja bygdemuseum og Norsk villreinsenter Nord på Hjerkinn er det mykje spanande å oppleve – og Villreinløypa sett deg på sporet.
Identitet
Heilt frå isen forsvann etter siste istid har menneska i Gudbrandsdalen søkt til fjellet for å fange rein. Heile dyret, med skinn, bein og kjøt, var livgjevande varer båe til eige bruk og som handelsvare. Den dag i dag er reinen framleis ein viktig del av identiteten og tradisjonen i Nord-Gudbrandsdalen, både i tamrein- og villreinområda.
Gudbrandsdalsmusea har sidan 2017 drive prosjektet Villreinarven, eit verdiskapingsprosjekt finansiert av Miljødirektoratet. Prosjektet blir drive av Nordveggen.
Den dag i dag er reinen framleis ein viktig del av identiteten og tradisjonen i Nord-Gudbrandsdalen.
Medvit
Villreinen arbeidar med brei verdiskaping i skjeringspunktet mellom forvalting, kultur og reiseliv. Reiselivsaktørar har blitt kjent med kvarandre og tillit er bygd opp. På kvar sin kant av regionen utviklar bedrifter i heile Nord-Gudbrandsdalen nye og spanande tiltak og samarbeid med og i tilknyting til reinen.
Det er utvikla materiell om forvalting av rein, og om korleis menneska skal te seg i møte med dei ville og utryddingstruga dyra.
Gudbrandsdalsmusea har eit formidlingsansvar både for kulturen og naturen, og ynskjer å løfte tema om villreinen både lokalt, regionalt og nasjonalt. For komande periode ynskjer Villreinarven å ta ein større nasjonal posisjon i bruken av villreinfjellet gjennom ein årleg konferanse.
Meir informasjon om Villreinarven les du på heimesida til Nordveggen.