Hopp til hovudinnhald

Gudbrandsdalsmusea har eigen bygningsvernrådgjevar med lokal spisskompetanse innanfor antikvarisk arbeid på gamle hus, byggeskikk og handverkstradisjonar. Ordninga blir til med tilskott frå Innlandet fylkeskommune og kommunane i Gudbrandsdalen.

Rådgjevar Håvard Syse kjem gjerne på befaring og svarer på spørsmål du måtte ha om gamle hus, byggeskikk, ny bruk eller tilpassing av nye bygningar til gamalt gardsmiljø. Bygningsvernrådgjevaren kan òg hjelpe til med søknader om tilskot.

Eigarar av gamle hus får 8 timar gratis rådgjeving. Dette inkluderer synfaring og hjelp med søknadar om tilskot. Pris per time: 650 kroner.

Kva kan rådgjevaren hjelpe til med? 

Synfaring
Vurdering av tilstand og forslag til restaurering
God kontakt med handverkarar og eigarar
Rådgjeving i stønadsordningar
Søknadsskriving

Velkommen til ein prat!

  • Bygningsvern
    1/8
    Bygningsvern Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea
  • Søre Marstein
    2/8
    Knut Aastad Bråten
  • Bygningsvern
    3/8
    Bygningsvern Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea
  • Loft frå Søre Marstein / Lom
    4/8
    Knut Aastad Bråten
  • Takkonstruksjon
    5/8
  • Stuguflåtten
    6/8
    Stuguflåtten Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea
  • Stuguflåtten
    7/8
    Stuguflåtten Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea
  • Stuguflåtten
    8/8
    Stuguflåtten Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea

Kvifor bygningsvern?

Det er registrert over 300 000 bygningar i Noreg bygde før 1900. 6000 av desse er freda. Storparten finn du i Gudbrandsdalen.

Bygningsvern handlar om å ta vare på eldre bygningar. Stall og fjøs. Bustadhus og ei steinbu på fjellet. Ikkje alle bygningar får den omsorga dei treng og fortener.

Kvart år forsvinn spor og bitar av kulturarven. Hus forfell eller blir rivne. Sidan tusenårsskiftet og fram til i dag er 23 prosent av alle registrerte verneverdige bygningar som er bygde før 1900, å rekne som tapte.

Kva gjer det med oss når bygningshistoria forfell?

Bygningskulturen er viktig for menneska. Dei fortel om byggeskikk, om tradisjon og kultur. Her er spor av levd liv, av forteljingar og dei som ein gong heldt til mellom grove tømmerveggar.

Den eldre bygningskulturen er synlege merkesteinar over levd liv – også for deg som lever i dag.

Bygningsarven er kjelde for kunnskap om fortida og forståing for framtida. Sikring og bevaring av bygningskulturen kan gje svar på morgondagens utfordringar. Noreg har forplikta seg til å redusere utsleppa frå bygg og eigedom, etablere ein god sirkulærøkonomi og bygge mindre.

Kanskje finn vi svaret i den eldre bygningskulturen?

Kontakt

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2