I boka Odelsskam skildrar Maria Lavik oppveksten på bygda og det vesle småbruket på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. I femten generasjonar har Maria sine forfedrar lempa stein og slite med jorda, slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Men alt som sekstenåring flytta ho ut. Staden held på å gleppa mellom hendene på forfattaren.
Maria skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim. Som mange andre spør Maria seg om ho skal ta over bruket, ho som for lengst har valt eit heilt anna liv i byen.
Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten – ein rett, men ikkje ei plikt. Lova som koplar jorda og slekta saman, lova som har vore mykje omdiskutert i nyare tid. Ho skal verne garden og halde han i drift. Men er det framleis slik?
Maria Lavik er forfattar og journalist, oppvaksen i Eksingedalen og busett i Oslo. Lavik har erfaring frå NRK, Klassekampen og Vårt Land. Ho har gjeve ut to sakprosabøker: Vi, dei fattige: Åtte forteljingar om barnefattigdom (2021) og Odelsskam: å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar (2024).
Kveldens bokbadar er Alice Gudheim frå Valdres. Ho er skribent og prosjektleiar for Valdresmusea si satsing «Ung i debatten». I tillegg driv ho Bitibua, ein tradisjonsrik kiosk med lokalmatutsal på Beitostølen i Øystre Slidre.
Arrangementet er del av museumsprogrammet Eit skigardsdele - frå stølskultur til hytteindustri. Bokbadet på Ringebu skjer i samarbeid mellom Ringebu bibliotek og Gudbrandsdalsmusea.
- 1/1
Tove K. Breistein