Hopp til hovudinnhald

Frå stølskultur til hytteindustri

Eit skigardsdele er eit samarbeid mellom fleire museum i Innlandet og handlar om ulike forvaltningspraksisar i sterkt utbygde seter- og utmarksområde, og korleis musea som samfunnsaktør kan bidra til auka fokus på samarbeid, berekraft og mangfald.  

Fleire med. Prosjektet har drive på nokre år. Valdresmusea, Randsfjordsmusea og Lillehammer museum har vore med frå starten. Nye partnarar i prosjektet er Gudbrandsdalsmusea og Anno museum. Andre samarbeidspartnarar er Universitetet i Oslo, Fortidsminneforeininga, Naturvernforbundet, Valdres Natur- og Kulturpark og Norsk seterkultur. 

I dag skjer endringane på setrene og i utmarka raskare enn nokon gong, og stadig fleire kjempar om retten til å forvalte verdiane og ressursane i fjellet.  

Prosjektet skal belyse naturen og den immaterielle kulturarven i seter- og utmarksområda som eit nasjonalt og globalt ansvar, og inspirere til forsking, debatt og engasjement rundt forvaltningspolitikk. Vi legg eit historisk, komparativt og samfunnskritisk perspektiv til grunn for studiet av forvaltarretten. Korleis var forvaltninga av stølane og utmarka før i tida, korleis blir ho utøvd i dag, og kva vil vere ei hensiktsmessig forvaltning i framtida? 

Hyttebygginga skaut særleg fart frå 80-talet, og i takt med den økonomiske veksten har standarden og infrastrukturen endra seg mykje. Hyttebygging er i dag del av ein milliardindustri og utgjer derfor ein stor del av økonomien i lokalsamfunna. Det gjer tematikken viktig – og vanskeleg.  

Det økonomiske perspektivet ved hyttebygging er ofte ein inngang til diskusjon om kva som skaper vekst og verdi for lokalsamfunna. Diskusjonen er vanskeleg fordi verdi er forstått ulikt. For aktive stølsbrukarar er verdien størst av at beiteressursane får ligge i fred. For ikkje-aktive stølsbrukarar og hytteutbyggarar er gevinsten størst av bygging av hytter, leilegheiter, sykkelløyper, skianlegg og tilrettelagde utsiktspunkt. For kommunane er det helst dette siste, talet på liggedøgn og omsetningstal frå bygge- og daglegvarebransjen, som blir tillagt størst vekt når ein skal setje verdi på aktiviteten i seter- og utmarksområda. For utviklinga skaper utan tvil arbeidsplassar og økonomiske ringverknadar. Dermed endrar også makta seg. Kven sine ynske blir tillagde størst vekt? Kven må bere byrda, kven sit att med gevinsten? 

Budeiene er definitivt på veg ut. I dag er berre 1 % av stølane i Noreg i drift, ifylgje ein rapport frå NIBIO. I 1850 vart det drive 100 000 stølar. I 2018 var talet 840, ein nedgang på 30 prosent berre dei siste ti åra. Ei vesentleg årsak til avviklinga av seterbruket er den sterke nedgangen i talet på mjølkeprodusentar. I tiåret frå 2008 til 2018 vart talet på mjølkebruk i Noreg redusert frå 13 708 til 8 205, ein nedgang på 40 prosent. Endringane er dramatiske for landbruket. Men også ei leveform og ein kultur er no i ferd med å bli borte. 

Når ein kultur forsvinn, overtek som oftast ein annan. Men hyttene er ikkje berre til rekreasjon for natursvoltne byfolk. Heller ikkje for budeiene var stølane berre arbeidsplass med mjølkeproduksjon og stell av dyr. Stølane var like mykje staden ein flykta til – frå bygdesnakk og strenge, patriarkalske strukturar på gardane i bygda. På fjellet fann budeiene tryggleik og kvinnefellesskap. Det siste året er hytteeigarane sin bruk av fjellet gjeve ein liknande dimensjon. For liksom byfolka som busette seg på hytter og stølar under den andre verdskrigen, søkjer dagens bybuarar seg vekk frå tronge leilegheiter og strenge smittevernkrav. Fjellet er så mykje meir enn rekreasjon. Fjellet er også staden ein flyktar til. 

Menneska sitt forhold til natur og landskap har endra seg over tid. Før såg ein gjerne naturen som ein ressurs som også skulle kome fellesskapet og framtidige generasjonar til gode. I dag møter desse verdiane motstand av krefter som utfordrar synet på forvaltning og verdi. For i takt med endringar i landbruket, arbeidsmarknaden og teknologien skjer det ei endring i bruken av stølane og ressursane i fjellet. Før endra landskapet seg ved hogst og intensivert beitepress. I dag er det gravemaskinane og ein industrialisert hyttekultur som set varige spor. Dreiinga frå setring til hytteutvikling endrar også byggeskikken, språket og kulturen. Og der namn før i tida fortalde om dyr, fauna, menneske og segner, fortel språket i dag om reiselivets infrastruktur og funksjonar knytte til denne industrien. 

Paradoksa er mange. Parallelt med nedgangen i setringa signerer styresmaktene konvensjonar som skal sikre den immaterielle kulturarven for ettertida. Det internasjonale samfunnet seier Noreg må bli flinkare til å sikre stølskulturen. Kvifor greier ikkje vi å sjå dei same verdiane som verda rundt oss? Kva verdiar set vi på gamle kulturuttrykk?    

Setring er viktige ressursar for landbruket, men for dei som tok del i stølslivet i eigen barndom, er stølskulturen i dag like mykje ein fortidslengsel. Det same seier hytteeigarar som òg fekk ta del i stølskulturen i barndomen. Her finn vi fleire interessante paradoks: På den eine sida regulerer kommunane stølane frå landbruksføremål til hytte. Regionane marknadsfører samstundes ein stølskultur som langt på veg er borte, men som hyttefolket og reiselivet gjerne vil ha meir av. Hyttefolka er heller ikkje natur- og kulturkonsumentar åleine, men stadig oftare agentar for bevaring og vern av sårbar natur. I dag finn vi kritikarane av hytteutviklinga like gjerne blant deltidsinnbyggarar som blant dei fast busette. Kva blir då viktig å bevare, for kven – og kvifor? 

Kontakt

Arrangement

Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 2